Rusettervernet i Sogn og Fjordane består av ei samling sjølvhjelpsgrupper fordelt utover fylket.

Saman finn vi moglegheiter – sjølvhjelpsgrupper både for rusavhengige og pårørande av rusavhengige.

For rusavhengige har vi Etterverngrupper. For pårørande har vi Pårørandegrupper.

Sjølvhjelp er å skaffe seg mot og ork til å prøve å gjere endringar i livet. Sjølvhjelp er å lytte til det smertefulle for å finne ut kva det vil fortelje oss. Sjølvhjelp er å ta tak i eigne moglegheiter, finne fram til eigne ressursar, ta ansvar for livet sitt og sjølv styre det i den retninga ein ynskjer. Sjølvhjelp er å sette i gang ein prosess – frå passiv mottakar til aktiv deltakar i eige liv.

Du kan lese meir om sjølvhjelpsgrupperSjølvhjelp Noreg sine heimesider.