Kort historikk

 

  • 1970: Centrumsgruppa vert etablert av Berge Selvik i Førde.
  • 1985: Alkomanes Ettervern vert stifta og vart eit fylkeslag.
  • 1986: Løna fylkessekretær i 80 % stilling.
  • 2003: Organisasjonen endrar namn frå Alkomanes Ettervern til Rusettervernet i Sogn og Fjordane.
  • 2020: Feira 50 år som nettverk av sjølvhjelpsgrupper for rusavhengige og pårørande.

 

Ofte stilte spørsmål

Spørsmål Svar
Driv Rusettervernet med rusbehandling? Vi driv sjølvhjelpsgrupper for personar som har eit ynskje om å slutte og ruse seg. For pårørande av rusavhengige tilbyr vi også eigne grupper. Rusbehandling er ikkje ein del av vårt tilbod.
Er Rusettervernet eit statleg tiltak? Nei. Vi er ein frivillig organisasjon driven i hovudsak ved hjelp av det gode dugnadsarbeidet medlemmane kring i fylket gjer. Ved sidan av det er vi økonomisk støtta av Helse Vest.
Fins det sjølvhjelpsgrupper i kvar kommune i Sogn og Fjordane? Rusettervernet har alltid hatt mål om å ha sjølvhjelpsgrupper i alle kommunar i fylket, men dette er ikkje realistisk pr. i dag. Gå til oversikt over grupper i fylket.
Kan eg ringe Rusettervernet dersom eg har behov for å prate? Du er velkomen til å ringe ein av vakttelefonane, 948 34 493 eller 415 07 533, dersom du har behov for å prate.Vi oppmodar dei som opplever krise å ta kontakt med respektiv legevakt, eller krisetelefonen til Kirkens SOS: 815 33 300.