Du har sikkert over kortare eller lengre tid, hatt dagar med bekymringar, altoverskuggande utfordringar, skam eller kjensla over å være makteslaus.
Du er ikkje åleine!
Dersom du er pårørande til ein rusavhengig, kan du ha godt utbyte av å gå i pårørandegruppe eller snakke med nokon i same situasjon. Våre kontaktpersonar er ikkje fagfolk eller psykologar som sit med fasit, men vi er mange som på ein eller annan måte er pårørande og har funne god hjelp i å møte og snakke med andre som har gått vegen.
Om DU vil starte ei pårørandegruppe der du bur, så ta kontakt. Etter 50 år med sjølvhjelpsarbeid, sit vi på mykje kompetanse innan grupper på godt og vondt.
Helse Førde har også eit pårørandetilbod om 3 uforpliktande samtalar med ein ruskonsulent som kan gje svar på ein del praktiske utfordringar om rusproblem; korleis fungerar systemet, innleggelse, rettigheter/ansvar. Dette er samtalar som ikkje treng henvising eller som blir journalført. Kontakt på 578 39175, og be om ein pårørandesamtale.