Vi er mange som har vore fengsla av avhengighet, og har funne god hjelp i å snakke med likesinna.

Det å gå i etterverngruppe ser vi på som ein av dei viktigaste investeringane du kan gjere på vegen mot eit rusfritt liv.

Hos oss får du ikkje «peikefingeren» – Hos oss får du eit fellesskap!

Å halde seg rusfri handlar i stor grad om å få snakke ut med likesinna. Personar som forstår deg. Som du kjenner deg igjen i.

I våre etterverngrupper treff du personar som er i same situasjon som deg; som nettopp har vore der og personar som har helde seg rusfri i åresvis. Somme stader har vi ikkje grupper, men kontaktpersonar som gir av seg sjølv og sine erfaringar om du har bestemt deg for å ta eit grep. Om DU vil starte ei etterverngruppe eller bli ein kontaktperson der du bur, ta kontakt. Etter 50 år med sjølvhjelpsarbeid, sit vi på mykje kompetanse innan grupper på godt og vondt.

Vi prøvar alltid å være opne og ærlige i møte med andre. Men vi skal også verne om oss sjølve, og forlangar respekt for jobben vi har gjort for vår eigen del. Det vi gir vidare kan dermed virke både sårt og tøft, men det er alltid sanninga.

Kontakt oss i dag på telefon/SMS 948 34 493. Om du ikkje får svar med ein gang, så ring vi opp att til deg.

MøtestadMøtedagarKlokkeslettKontakt
FlorøTysdag18:00450 56 408
FørdeTysdag18:00911 80 218
MåløyOnsdag18:00401 93 969
SandaneTorsdag19:00414 15 366
Sogndal Annankvar onsdag18:00979 83 238
HøyangerPlanlagt oppstart før jul. Kontaktperson476 80 566
VikKontaktperson977 79 992
StrynKontaktperson911 77 337 / 948 34 493
Fjaler og HyllestadKontaktperson415 07 533
SolundKontaktperson478 33 239
AskvollKontaktperson953 08 068
LærdalKontaktperson416 70 973