Samarbeid med Post 6 på Tronvik
Frå og med april 2010 gjekk RSF inn med ressursar til Tronvik for å halde gruppemøter for brukarar ved institusjonen.
Dette er på bakgrunn av tilsegnet om driftsmidlar frå Helse Vest for 2010 som lyder:
Helse Førde HF byggjer no opp einingar med døgnplassar innan tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige (TSB) i Sogn og Fjordane. Det er viktig at Rusettervernet får til eit godt samarbeid med Helse Førde og desse einingane.
Som eit resultat av dette stiller Rusettervernet pr. i dag med ein til to ressurspersonar til å halde ettervernsmøter på Tronvik annankvar veke. Samarbeidet er viktig i form av at RSF opprettar kontakt med brukarar før dei reiser heim etter endt opphald. Dei verkelege utfordringane kjem når brukaren skal klare seg på eigenhand, og då er det viktig at det allereie er oppretta kontakt mellom ettervernet og brukaren.
I søknad om driftsmidlar for 2011 kjem RSF til å leggje fram eit eige budsjett for kostnadar i samband med samarbeidet med post 6.
