Rusettervernet med ny heimeside
Som eit resultat av at teknologien på internett bevegar seg fort og at ein som organisasjon må halde seg oppdatert og "fylgje med i tida", beslutta styret for ei tid tilbake å få laga ny heimeside.
RSF har i møte med representant frå Helse Vest diskutert verdien av å nytte seg av internett som eit verkemiddel for å nå ut til nye medlemmar. Rusavhengige som alle andre nyttar i aukande grad internett for å vurdere behandlingsalternativ. Soleis måtte RSF kome på bana med ei heimeside som er moderne og fulldekjande på informasjonsbiten.
Sida er meint for medlemmar av organisasjonen, potensielle nye medlemmar, det offentlege og elles interesserte. Heimesida vert prioriterar medlemmar i form av at ein har tatt sikte på at ting som:
- referat frå styremøte
- påmelding av arrangement
- interne nyhende
- m.m.
skal være tilgjengeleg på heimesida til ei kvar tid. Sida vil innehalde offentleg og ikkje-offentleg materiale. Medlemmar kan logge seg på for å få tilgong til mellom anna ikkje-offentleg materiale.
Heimesida inneheld pr. dags dato berre minimalt med informasjon, men vil verte påfylt med innhald etterkvart.
Vonar du får glede av den nye heimesida!
