Prosjekt interkom samarbeid rus
Kommunane Gaular, Førde, Naustdal og Jølster - Tilbakemelding på deltaking i møte den 02.12.09
Dette er tilbakemeldinga Rusettervernet fekk frå deltaking i møte av 02.12.09 på Sande
Viser til møte på Sande den 02.12.09 og avtale om å gje ein tilbakemelding på dykkar innspel i møtet.
Møtet danna starten på eit samarbeid mellom kommunane Gaular, Førde, Naustdal og Jølster kring etablering av felles ruspolitikk.
Møtet hadde innspel frå fylkesmannen v/rådgjevar, Helse Førde v/ruskoordinator og Høgskulen i Førde.
Rusettervernet v/Leif Roald Skaar og Kari Margrete Rønning fekk ein kort seanse der dei presenterte rusettervernet sitt arbeid. Ein fekk innblikk i organisasjonen sin filosofi - at personar som har opplevd problem kring rus, kan vere svært viktige medspelarar overfor personar som har rusproblem - til å forstå situasjonane, vere støtte, gje retning og håp i høve til livssituasjonar som kan synast låst og uoverkommelege. Vidare peika rusettervernet på sider ved prosjektet som er viktige å vektlegge. Tilhøyrarane fekk eit greitt inntrykk av rusettervernet som ein frivillig organisasjon som gjer eit viktig arbeid med knappe midlar.
Det vidare arbeid i kommunesamarbeidet vil i første omgang bli utført av 3 arbeidsgrupper:
- Gruppe I
Ansvar for utgreiing av felles plattform for løyvingspolitikk herunder kontakt med representantar for involvert næring. - Gruppe II
Ansvar for utgreiing av felles plattform for førebyggjande arbeid. - Gruppe III
Ansvarfor utgreiing av felles behandlings- og rehabiliteringsarbeid.
Siste del av dagen den 02.12.09 var gruppearbeid der gruppene skulle oppsummere viktigaste hovudpunkt i det vidare arbeid. Gruppene III har gjeve tilbakemelding der det m.a går fram at rusettervernet er ein del av det totale behandlingstilbodet frå kommunane. Vi reknar med at gruppa tek kontakt med rusettervernet for vidare konkretisering.
Styringsgruppa / koordinator for prosjektet vil deretter utforme ein rapport til kommunane som vert felles plattform for kommunale rusplanar.
Vi takkar rusettervernet for arbeidet dei gjer og for innspel den 02.12.09
Helge Ulvestad
Prosjektkoordinator
