Om Rusettervernet

Eit fellesskap av likesinna som støttar kvarandre

Rusettervernet i Sogn og Fjordane er ein organisasjon til hjelp for menneske med alle typar rusproblematikk, samt for pårørande til rusavhengige.

Ettervernsgruppene er for menneske som har hatt rusproblem sjølve, og som har valt å gjere noko med det.

Målet er å leve resten av livet i totalt avhald frå alle typar rus.

Vi har klart å bli rusfri, takka vere fellesskapet, - eit fellesskap av likesinna som støttar kvarandre.

Pårørandegruppene

Pårørandegruppene er for dei som har hatt problem på grunn av andres rusbruk.

Alle i rusettervernet har teieplikt, og vi vernar om kvarandre. Ta kontakt med oss dersom du eller ein i familien,vennekrinsen eller på arbeidsplassen har eit rusproblem.

Om Rusettervernet

Det er mange ulike rusettervern i Noreg, men Rusettervernet i Sogn og Fjordane er det einaste ettervernet som er fylkesorganisert, og som har eigen fylkessekretær.

Ein viktig del av arbeidet til fylkessekretæren er å halde kontakt med ettervern- og pårørandegruppene. Fylkessekretæren skal også hjelpe til med å starte grupper, dersom det er ynskjeleg, og kan også formidle kontakt med hjelpeapparatet.

Vi har mange ettervern- og pårørandegrupper i mange kommunar i fylket. På Gruppesidene (ettervern, pårørande) finn du oversikt over dei gruppene vi har i dag.

Start det nye livet i dag!

Ta kontakt. Vi kan hjelpe, dersom du vil!

DU ER IKKJE ÅLEINE! VI ER HER FOR DEG!