Tryggleikskurs frå Verge

«Tryggleik i møte med utfordrande situasjonar»

– tilbod om kurs frå Verge

 

Rusettervernet har i mange år hatt tilbod om transport av personar som skal i/eller heim frå
behandling. I dei seinare åra har dette tilbodet også vore nytta av Helse Førde til transport
av pasientar som skal på off. klinikkar. Rusettervernet sitt tilbod er basert på frivilleg arbeid
og forutsetningane for slike transportoppdrag er mellom anna passasjerar som er både
medvitne og siviliserte. Dog er det nokre av pasientane med utfordringar som kan gjere
køyreturane i overkant spanande. Vi ynskjer difor å kunne tilby eit kurs som skal auke
tryggleiken til våre frivillige som kan være eksponert for utfordrande åtferd, aggresjon og
vald. Auka tryggleik gjere at ein tek betre val i situasjonar og kalkulerar risiko. Tryggleik er
også viktig for å kunne dempe eventuelle konfliktar.

Det er Verge som skal halde kurset og dei har lang erfaring med å tilpasse opplæring til ulike
målgrupper, inkludert rusomsorg og psykiatri. Kurset vil kunne være ei fin
kompetanseheving for alle som jobbar innan utsatte yrker, anten ein jobbar på post 1,
tiltaksteneste, ambulanse, drosje, ruspost og ellers er i befatning med personar/situasjonar
som kan utagere/eskalere.

Kurset er innom desse tema;
 Faglig, etisk og juridisk forankring.
 Årsaker til aggresjon. Bevisstgjøring og økt kunnskap.
 Risikovurdering og risikohåndtering.
 Konfliktdempende kommunikasjon.
 Posisjonering og beskyttelse.
 Ettervern – ivaretakelse av kollega/tjenestemottaker.
Pedagogisk: forelesning, gruppeoppgaver og case.

Kurset vert laurdag 2 mars på Kinn Hotel i Florø og er frå 10:00 til 16:00 inkl lunsj.
Bindande påmelding til post@rusettervernet.no innan 25 februar.
Vi tek 500 kr pr deltakar for å dekke omkostningar (dette gjeld ikkje medlemmar av
Rusettervernet sine grupper).

Sjå her for å laste ned invitasjon som pdf-fil.

Søknadskjema for ettervern-og pårørandegrupper

Her finn du søknadsskjema om gruppa å ynskjer søke fylkeslaget om midlar i særskilte høve t.d jubileum, kurs, annonsering o.l. Visse kriteriar:

  • Gruppene skal være sjølvfinansierte og det kan ikkje søkast fylkeslaget om midlar som skal dekke dagleg drift som m.a husleige, straum eller telefon.
  • Om det skal søkast midlar til noko som ein har eit prisoverslag på, skal dette fylje med søkaden.
  • Styret ynskjer rapport/evaluering i etterkant om midlane går til kurs/samling/reise.
  • Styret har rett til å redusere storleik på tilvising eller avslå ein søknad om den ikkje oppfyller kriteriane.
  • Søknaden sendast styret anten på epost eller brev, og styret behandlar søknaden på neste styremøte. 

Skjema for søknad kan tingast hjå fylkessekretær eller lastast ned her: Søknadskjema for ettervern og pårørandegrupper